Cirkus Homosapiens  |  MFD   

Manus: Magdalena From Delis

Musik: Ian Kolstad

Genrer: Musik teater

«Cirkus Homosapiens»-førestillinga tek utgangspunkt i menneskets egoisme og passivitet. Me får møta eit trøyttsirkus som består av menneske som ikkje orkar å visa fram noko som helst dersom det ikkje vert gjort på deira eigne premiss. Klovnane sit på mobilen og linjedansarane kranglar om kven som skal stå fremst. Det oppstår ein konflikt mellom dei ulike gruppene innanfor sirkuset. Samstundes truar ordføraren i distriktet, som eig jordstykket sirkusteltet står på, om å leggja ned sirkuset.Sirkusdirektøren slit seg i håret og veit ikkje korleis han skal redda sirkuset. Då kjem eit par mus, som har følgt sirkuset, til unnsetning. Kanskje kan dyra redda sirkuset på magisk vis? Kanskje kan dyra hjelpa menneska til å finna tilbake til sin natur? Hjelpa dei til å finna fram til ein stad der leiken og latteren lagar eit heidundrande show. Eit show som berre kan bli til dersom ein hjelper kvarande mot same mål og trassar skilnadane mellom oss. Kan vi finne fram til vår latter igjen?

 

 

Photos: Jørn Olav Myhre